Torstein Flakne og Claudia Scott

Torstein Flakne og Claudia Scott

Bergomsvegen 41, 2686 Lom, Norway, Bergomsvegen 41, 2686 Fossbergom, Norge, Kort

lau. 31.10.2026 20:00

Opplev Torstein Flakne og Claudia Scott på scena saman igjen!

I 2026 er det 40 år sidan Torstein Flakne og Claudia Scott stod på scena saman for aller første gong. Det er no fire år sidan dei sist drog ut på turné saman, og etterspurnaden etter å få dei tilbake har vore stor.

Første gong dei opptrådte saman, var under den norske finalen i Melodi Grand Prix i 1986. Med låta «Rock’n’Roll Band», skrive av Claudia og Torstein sjølve, leverte dei det som kanskje er det mest rocka innslaget i MGP si historie. Scena var i Stavanger, Claudia var frontartist, og backingbandet var Torstein sitt Stage Dolls – forsterka med Ronni Le Tekrø og Bård Svendsen. Resultatet? Ein tre minuttar lang fest med knuste gitarar og pyroteknikk.

– Kanskje like greitt vi ikkje vann, ler Claudia.

Sidan den gong har dei begge vorte blant Noregs mest folkekjære artistar.

Torstein Flakne er primus motor i både The Kids og Stage Dolls, og står bak ei rekkje udøyelege låtar. Han er innlemma i Rockheim Hall of Fame saman med resten av Stage Dolls, og har nyleg fylt både Tapperiet og Olavshallen i Trondheim saman med mangeårig kollega Dag Ingebrigtsen.

Claudia Scott er ein av våre fremste artistar innan countryrock og americana, og eit stort førebilete for yngre artistar i sjangeren. Ho har mellom anna motteke tre Spellemannprisar, tre Fjordingprisar, tre SESAC-prisar (USA) og Gammleng Ærespris, i tillegg til å ha gitt ut ei rekkje soloalbum for eit stadig veksande publikum.

No slår dei gitarar og stemmer saman igjen, og inviterer til ei akustisk konsertoppleving med kjende låtar og gode historier frå eit langt liv på vegen.

– Vi har lytta til kvarandre sine låtar, gitt innspel og jobba fram noko vi er veldig stolte av. Vi gler oss som småungar til å framføre dette for publikum. Og vi er jo glade i å mimre litt også – dele historier og anekdotar frå livet som artistar. Æ glær mæ, humrar Torstein.

Det gjer vi òg – dette blir ei oppleving du ikkje vil gå glipp av.

Flytjendur

  • Lom fleirbrukshus - Utgard
    Lom fleirbrukshus - Utgard

    Velkomne til Utgard, storstova til Lom kommune!

  • Claudia Scott
    Claudia Scott

    Claudia Scott is an English/Norwegian singer, songwriter, guitarist and producer. She was born in Newcastle, UK and lived her first 6 years in London before moving with her family to Bergen, Norway. Claudia has more or less been in the music business since she was 10 years old and is a third generation musician. At 11, she recorded Norway’s first country album with her father, Clive Scott and his band The Skywegians and toured in the UK and Norway. However, Claudia did not get into music professionally before after college, when she was asked to be part of the group Claudia-Big Hand-Casino. Claudia solo debuted with the album”Flowers & Thorns” in 1992 and has since released 7 critically acclaimed albums, which have earned her several awards, 2 Spellemann (Norwegian Grammy) and nominations.

  • Rocksport Booking
    Rocksport Booking

    Artistformidling. www.rocksportbooking.com - Henning Kvitnes, Hanne Boel, Claudia Scott, Trine Rein