Henderson, Fliflet & Burgess / Sild & Potet

Henderson, Fliflet & Burgess / Sild & Potet

Solbakken 9, 5450 Sunde, Norway, , 5450 Sunde i Sunnhordland Kort

lau. 19.09.2026 17:30

Det er duka for ei smakfull og underhaldande kystkulturhending i Bergslagen 19. september. Menyen består av salt nordsjømusikk frå Shetland, Skottland, England og Vestlandet og ekte tradisjonskost med sild og potet!

Henderson, Fliflet & Burgess spelar raske rilar, så harpiksen fyk og golvet gyngar. Dei syng om kvalfangst, venskap og vågemot. På engelsk, skotsk og norsk. Det er mykje salt og sjø i lufta. Her trivst både vemod og gapskratt! Det duvar, det svingar - lett og tett, rått og godt. Musikken kretsar rundt Nordsjøen, og trekk trådar og bindingar mellom Shetland/Skottland, England og Kyst-Noreg område som har vore i tett kontakt i fleire århundre.

Trioen består av Kevin Henderson (fele, song), Gabriel Fliflet (trekkspel, piano, song) og Richard Burgess (concertina, gitar, song):

Kevin Henderson er ein av Storbritannias beste felespelarar. Han er frå Shetland, den forblåste øygruppa nord for Skottland, kor musikklivet boblar, og den tradisjonelle felemusikken står sterkt. Med base i Kragerø, turnerar han verda rundt, bl.a. som medlem av Fiddlers´ Bid, Nordic Fiddler´s Bloc og den legendariske irsk-skotske gruppa Boys of The Lough.

Gabriel Fliflet er ein nysgjerrig musikar som mange kjenner fra samarbeidet med trommeslagar Ole Hamre i duoen Fliflet/Hamre, kvartetten Gabriels Novgorod eller eitt av mange bestillingsverk, som Åresong (med dikt av Jon Fosse) og Rose (Robert Burns på norsk). Gabriel har trekkspel som hovedinstrument, syng, og spelar piano, og har samarbeidd med mange av våre framste folkemusikarar.

Richard Burgess er engelskmannen som kom til Norge i 1976 med ein ryggsekk og ein gitar - og som framleis er her. I mellomtida har Burgess markert seg som ein særprega visesongar og folkemusikar, med ei malmfull stemme som han akkompagnerer med gitar og concertina. Han opptrer både solo og i grupper som Doggerland, FatDog og Foghorn. Richard er også skribent, lærebokforfattar og hyppig brukt kåsør.

Matservering frå 17.30. Konsertstart 19.00. Vel møtt!

Flytjendur

  • Sunde Kyst og Litteratursenter
    Sunde Kyst og Litteratursenter

    Sunde kyst- og litteratursenter jobbar med bevaring, dokumentasjon og formidling av materiell og immateriell kystkultur, båtar og bøker, frå Sunnhordland og omland.

    Billettsal: https://bergslagen.hoopla.no/

    Kontakt: post@bergslagen.no