SYMRE // gratiskonsert på Skåtøy kafé
Skåtøy Kafé, Stoppedalveien 2, 3780 Skåtøy Kort
sun. 26.07.2026 18:00
Velkomen til gratiskonsert med SYMRE sundag 26. juli!
Låtskrivaren frå Morgedal byr på skarpe norske tekstar og musikk som hentar fritt frå vise, jazz, rock og pop. Med tre plater ute er 24-åringen på god veg til å bli ein etablert artist, og ho mottok nyleg Norsk Viseforum sitt artiststipend 2026 på Folkemusikkveka på Ål. Til Skåtøy kjem ho med fullt band som medverkar på hennar nyaste album «Ikkje noko for meg»
Symre Taugbøl Bang - gitar og song
Åsmund Skjeldal Waage - vibrafon
Torjus Gravir Klykken - bass
Tobias Rønnevig - perkusjon
Jon Espelid - trommer
Flytjendur
-
SYMRESYMRE
24 år gamal låtskrivar frå Morgedal i Telemark.