Jazzsirkelen: Afrobass // Parken kulturhus
Parken Kulturhus, Parkgata 3B, 6003 Ålesund Kort
lau. 19.09.2026 21:00
AFROBASS TILBAKE PÅ PARKEN KULTURHUS!
Laurdag 19. september 2026 kl. 20.00 er AFROBASS tilbake på Parken kulturhus etter den elleville konserten som fylte foajéen til randen i fjor.
For mange vart konserten hausten 2025 eit ekte «kvar var du då?»-augeblikk. Utselt hus, ståande applaus og eit publikum som ikkje ville gå heim. No er Lars Martin Vik og AFROBASS tilbake – større, tyngre og med endå meir groove.
Afrobass leverer eit kraftfullt og groovebasert uttrykk der funk, jazz, ørkenblues og vestafrikanske rytmar smeltar saman til noko heilt eige. Musikken er fysisk, drivande og kollektiv, med grooven i sentrum og improvisasjonen som motor.
Prosjektet er leia av bassist og låtskrivar Lars Martin Vik, som har samla eit band av musikarar i toppklasse:
• Lars Martin Vik – bass
• Kenneth Kapstad – trommer
• Oddrun Lilja – gitar
• Kouame Sereba – kalimba, vokal og perkusjon
• Vegard Holum – trompet og elektronikk
• Heidi Kvelvane – saksofon
Bandet gjennomførte ein svært vellukka turné med fulle hus og sterk respons frå publikum, og konserten på Parken kulturhus vart ståande som eitt av dei store musikkaugeblikka i 2025.
Jazzsirkelen og Parken kulturhus er stolte over å løfte fram eit lokalt initiativ med regional og nasjonal kvalitet. Prosjektet er utvikla av ein musikar som bur og verkar i fylket, og er eit godt døme på kva som kan oppstå når lokale krefter får høve til å utvikle eigne kunstnariske prosjekt.
Dersom du gjekk glipp av konserten i fjor, har du no sjansen på nytt. Dersom du var der, veit du kvifor dette er ein kveld du ikkje vil gå glipp av.
Velkomen til ein kveld med groove, energi og musikalsk spelglede på sitt aller beste.
Konserten er ein midt-norsk jazzsenter produksjon.
___
Foajeen åpner: kl 20:00
Konsertstart: kl 21:00
Flytjendur
-
Jazzsirkelen
Jazzsirkelen i Ålesund ble dannet 3. mars 2004 med det formål å skape et miljø for lokal rytmisk musikk.