Telemarkfestivalen 2026 | Borgjakonserten: Alf Tveit & Håkon Høgemo
Bø, Evju Bygdetun, Sætrevegen 44, 3810 GVARV Kort
sun. 09.08.2026 15:00
Borgjakonserten: Alf Tveit & Håkon Høgemo
Sundag 9. august 2025
Nye Sjodar – Evju bygdetun, kl. 15:00
285,- inkl. bill.avg.
Meistermøte
Den tradisjonsrike Borgjakonserten under Telemarkfestivalen samlar i år to av landets fremste spelemenn: Alf Tveit frå Telemark og Håkon Høgemo frå Indre Sogn. Borgjakonserten er ei høgtidsstund der dei fremste hardingfeleutøvarane står i sentrum, og årets konsert lovar eit sjeldan sterkt møte mellom to eminente spelemenn og to levande feletradisjonar.
Alf Tveit er ein sentral tradisjonsberar frå Telemark, kjend for si djupe forankring i det lokale slåttematerialet og eit uttrykk som ber preg av både kraft og inderlegdom. Håkon Høgemo har på si side markert seg som ein meisterleg formidlar av Sogn-tradisjonen, med eit spel som er både nyansert, virtuost og fullt av musikalsk overskot.
Saman vil dei by på eit rikt og variert program med slåttespel frå fire tradisjonsskaparar som alle har jubileum i 2026: Ola Håstabø (1826 – 1899) frå Hardanger, Torgeir Augundsson (1801 – 1872) frå Sauherad, Torkjell Haugerud (1876 – 1954) frå Bø og Seljord og Eivind Groven (1901 – 1977) frå Lårdal.
Medverkande:
Alf Tveit – hardingfele
Håkon Høgemo – hardingfele
Velkomen!
Flytjendur
-
TelemarkfestivalenTelemarkfestivalen er ein folkemusikkfestival som finn stad i Bø i Telemark i veke 32!
-
Visit BøVisit Bø – med hjerte for dine opplevelser!
Vi er destinasjonsselskapet for Midt-Telemark og Nome kommune, og fokuserer på stedene Bø, Gvarv, Akkerhaugen, Ulefoss og Lunde. Med samhold, pågangsmot og glede skaper vi minner for livet.