Improvisasjon rundt Den løseste delen av verden

Improvisasjon rundt Den løseste delen av verden

Båtkatedralen, Bergslagen,

sun. 16.08.2026 13:00

Poesi, improvisasjon og kystkultur.

Silje Linge Haaland (Fitjar/Oslo) gav i 2023 ut si andre diktbok "Den løseste delen av verden", til strålande kritikkar. Dikta er tematisk sentrerte kring natur og klima, presentert gjennom ei rekkje sanselege, tankevekkande og utfordrande språkbilete. Som dette: "noen sekunder inni en mygg / et rom / gjenkjennelig som levende / og to mennesker / roende i en båt / trekker årene gjennom kroppen"

Morgenbladet sin kritikar konkluderte slik då boka kom: "Den løseste delen av verden er en stimulerende bok å lese; full av uventede perspektiver og blikk (bokstavelig talt), ført i et overraskende språk som dyrker frem en ytterst sansende og tenkende holdning overfor vår største eksistensielle utfordring."

Christian Meaas Svendsen (Kongsberg/Kvinnherad) er ein allsidig jazzmusikar, oftast sett med bass, men i seinare år stadig oftare med den japanske bambusfløyta shakuhanchi. Improvisasjon og utforskande musikk ligg hjarta hans nært, noko som skin igjennom i dei ulike prosjekta han er delaktig i og tek initiativ til. Ofte (eller kanskje alltid) speler naturen og den menneskelege tilværa i denne ei rolle i musikken hans; Musikken er både eit verktøy, eit medium, og ein måte å vera i verda på - og omvendt.

Dette blir mellom anna løfta fram i Jan Granlie sin kritikk av "den deilige og spennende" soloplata hans "Body Of Sound, Body Of Music" (2024): "Dette er naturmusikk fremkalt av en bassist fra innlandsbyen Kongsberg, som har valgt en av de vakreste fjordene i Norge som kulisse til å skape stor og interessant musikk. Her hører vi naturelementene, dyre- og barnelyder, lyder fra det underjordiske og moderne jazzbass i en herlig blanding."

I denne hybriden av eit arrangement vil Meaas Svendsen improvisere rundt Linge Haaland si opplesing av Den løseste delen av verden, medan den opne Båtkatedralen let sanseinntrykka frå Strandstaden Sunde - bølgjer, terner, humler, småbåtar, fiskevak, bornestemmer, bris, kanskje regn - akkompagnere hendinga.

Linge Haaland og Meaas Svendsen har ikkje samarbeidd tidlegare. Men med merksemda dei begge har til naturen og vilja båe viser til å utforske denne gjennom kunstuttrykka sine, trur me dette vil bli eit heilskapleg og sansevekkjande arrangement. Hendinga er kuratert av Sunde kyst- og litteratursenter.

Flytjendur

  • Sunde Kyst og Litteratursenter
    Sunde Kyst og Litteratursenter

    Sunde kyst- og litteratursenter jobbar med bevaring, dokumentasjon og formidling av materiell og immateriell kystkultur, båtar og bøker, frå Sunnhordland og omland.

    Billettsal: https://bergslagen.hoopla.no/

    Kontakt: post@bergslagen.no