Opningskonserten 2026
Førdehuset, Angedalsvegen 5, 6800 Førde Kort
fim. 02.07.2026 20:00
Alle brikker er på plass, og vi kan ønskje velkomen til ei storslått opning av årets festival!
Utviklingsminister Åsmund Aukrust står for den offisielle opninga, og Mona B. Riise er konferansier for kvelden. Ho kjem til Førdefestivalen for første gong, noko vi er svært glade for.
Opningskonserten er den største konsertproduksjonen på festivalen og samlar fleire av årets artistar i ein konsert sett saman spesielt for denne kvelden.
På scena får du oppleve:
• Kinnaris Q frå Skottland
• Amira Medunjanin frå Bosnia-Hercegovina
• Rastak frå Iran
• Sam Lee Trio frå Storbritannia
• Caamaño & Ameixeiras frå Galicia i Spania
• La Perla, perkusjon- og vokaltrio frå Colombia
• Håkon Høgemo og Erlend Viken, med dansar Vilde Westeng, med kraftfullt slåttespel frå indre Sogn
Opningskonserten markerer den offisielle starten på festivalveka og er ein av konsertane som er inkludert i festivalpasset.
Velkomen til ein kveld full av musikk, møte og feiring – vi gler oss! ✨