Knut Reiersrud og Geir Sundstøl
Hovevegen 2, 6856 Sogndal, Norway, , 6856 Sogndalsfjøra Kort
lau. 06.02.2027 19:00
Reiersrud og Sundstøl hyllar den britiske popens stamfar - på plate og scene.
Knut Reiersrud og Geir Sundstøl slepp albumet Purcell, sanning, løgn og dårleg hugse (Grappa) 25.09.2026. I samband med utgjevinga legg duoen ut på konsertturné og kjem innom Sogndal Kulturhus.
Sanning:
Knut Reiersrud og Geir Sundstøl har kjent kvarandre i over 35 år. Likevel har dei to strengemeistrane nesten aldri spela saman, berre på enkelte plateinnspelingar for andre artistar. Heldigvis finst det folk her i landet som kan telje til to!
Tidlegare Sildajazz-sjef Andreas Meland, mannen bak plateselskapet Hubro, har i fleire år drøymt om å samle dei to til firhendig gitarmagi. Kanskje kom det som ei overrasking på Meland at dei to gitaristane valde å lage plate basert på verka til den engelske barokkkomponisten Henry Purcell.
Servile gitarduettar framførte med fotskammel og sjakett blir det likevel ikkje. Her får vi frimodig improvisasjon og avstikkarar til det ville vesten, indisk mystikk og den svenske synda.
Reiersrud og Sundstøl har begge lange tradisjonar med å bearbeide musikalske verk: Franz Schubert, John Coltrane, L.V. Beethoven og David Bowie har alle vore gjennom dei to herrane si musikalske kvern.
No er det altså Henry Purcell sin musikk som står i fokus. Kvifor treng verda ei plate der «Knut og Geir vrir om på Purcell»?
La oss svare litt pompøst – slik dei likte det på 1600-talet:
Purcell sin musikk har ei heilt eiga emosjonell djupn. Verka er ofte storslått arrangerte for store orkester, samstundes som dei rommar ei nærleik og varme som har skapt nokre av dei sterkaste augeblikka i filmmusikkhistoria.
Det er denne djupt menneskelege kjernen i tonespråket dei to ønskjer å formidle med gitarane sine. Gjennom tolkingane til Reiersrud og Sundstøl kan ein ane røtene til den universelle kvaliteten i britisk popmusikk. Kombinert med at begge tidleg fall ned i den afrikansk-amerikanske musikkgryta, ligg alt til rette for uhøyrd og kosmisk strengemagi på scena.
Løgn:
Knut og Geir er to framifrå musikarar. Det mange ikkje veit, er at dei òg er ivrige fridykkarar. På ein av dei mange dykketurane sine, på 12 meters djup, fann dei ei samling steinkaker – eller 78-plater. Samlinga bestod hovudsakleg av musikken til Henry Purcell. Knut og Geir tok dette som eit teikn!
Dårleg hugse:
Knut Reiersrud og Geir Sundstøl er fødde i kvar sin ende av sekstitalet. Dei høyrer til den siste generasjonen som lærte seg å spele på eiga hand. For barn var syttitalet den siste stille tida. I timane mellom skuledagen og middag skapte ein sitt eige fristed.
Nokre sparka fotball på løkka, andre spelte kornett i det lokale korpset. Knut og Geir øvde gitar på guterommet.
Musikkundervisning var for familiar med ambisjonar innan klassisk musikk. For Knut og Geir handla det viktigaste om å trykkje på gitarhalsen der det lét bra – ofte i samspel med platespelaren. Begge føretrekte å spele oppover halsen, på éi streng om gongen. Det fungerte ofte best til folkeleg musikk, slik som den som snurra på platetallerkenen.
Dette er ein meir tungvint metode enn å la handa fly opp og ned i same posisjon på gripebrettet. Han skapar meir friksjon – akkurat som når du stryk fyrstikka mot stripa på ei fyrstikkeske. Det er nett denne friksjonen, eller varmen, som gjer ein Reiersrud & Sundstøl-konsert til ei heilt unik oppleving.
Stad: Storsalen, Sogndal Kulturhus.
Dato og tid: Laurdag 6. februar kl. 19:00-20:30.
Billettprisar:
Ordinær: kr 520,-
Ledsagarbevis/følgjekort: kr 0,- (ledsagarbevis/følgjekort skal visast i døra).
Flytjendur
-
Sogndal KulturhusSogndal Kulturhus er indre sogn si eiga storstove. Kino, teater, konsertar, standup og masse anna!
-
Geir Sundstøl - sundstoelhttps://sundstoel.bandcamp.com/album/langeleik
-
Knut ReiersrudNews - Music and music videos from Knut Reiersrud PROFESSION: Musician, Composer
-
Det skjer i SogndalDet skjer i Sogndal