Matti Røssland på Brislingen. UTSOLGT!
Solbakken 9, 5450 Sunde, Norway, , 5450 Sunde i Sunnhordland Kort
lau. 18.07.2026 18:00
Etter meir enn tre og eit halvt tiår, snart tusen konsertar, fem studioalbum, ei best-of plate og ei drøss fengande folkpop/rock-perler, har Matti Røssland snike seg inn i mange hjarter.
Songar som Stjålen båt, Tøffe tider, Lyseblå hagestolar, Sånn livet er, La meg få drømma, Sommardrøm, Connys englar, Søster Cecilie og resten av gjengen er allemannseige mange stadar. At han har ein fin penn, er heller ingen løyndom. Matti har alltid fiksa kunsten å skrive iøyrefallande melankolske gladlåtar i beste New Jersey-tradisjon. Lengtande, ironisk og resignert. Slik alle romantikarar til alle tider har vore. For tekstane står sjølvsagt sentralt. Visuelle, nesten filmatiske blir dei vevd inn i historier slik berre dei ypparste kan. Fulle av bilde og ordrikdom. Det meldast om allsong, gåsehud, latter og tårer.
Musikarar: Jørgen Skeie Jr. (keys) og Jostein Marø (el. gitar).
Konsertstart kl. 19.00.
18-årsgrense.
Flytjendur
-
Sunde Kyst og LitteratursenterSunde kyst- og litteratursenter jobbar med bevaring, dokumentasjon og formidling av materiell og immateriell kystkultur, båtar og bøker, frå Sunnhordland og omland.
Billettsal: https://bergslagen.hoopla.no/
Kontakt: post@bergslagen.no
-
KonsertkompanietKonsertkompaniet produserer og formidler et bredt spekter av underholdning.
-
Matti RøsslandVelkommen til Matti Røsslands offisielle Facebook side.