Ragnhild Hemsing VETRA - Jørn Hilme-stemnet 2026

Ragnhild Hemsing VETRA - Jørn Hilme-stemnet 2026

Jaslangen, Valdres, , 2960 Vestre Slidre Kort

þri. 07.07.2026 20:30

I 2026 er det 20-årsjubileum for den populære solefallskonserten på Jaslangen i Vestre Slidre. Kva passar då betre enn å feire med vår heilt eigen verdsstjerne på scena? Det er ei stor glede for Jørn Hilme-stemnet å presentere Ragnhild Hemsing som sommarens artist på Jaslangen. Vel møtt til magiske kveldstimar med Hemsing i hemlege fjell!

Ragnhild Hemsing er ein svært allsidig musikar, og med både fele og hardingfele har ho gjort det til sitt varemerke å kombinere det beste frå klassisk musikk med folkemusikken ho kjenner frå Valdres. Til Hilme kjem ho med eit stjernelag av musikarar og prosjektet VETRA. Med prosjektet VETRA har Ragnhild teke utgangspunkt i nokre av folketonane Ludvig Mathias Lindeman samla inn frå Valdres på midten av 1800-talet. Her vil impulsar frå folkemusikk, klassisk og jazz smelte saman og ta publikum med på ei vakker reise inn i Hemsing si musikalske verd.

Vel møtt til konsert!

Medverkande:

Ragnhild Hemsing – hardingfele og fiolin

Mathias Eick – trompet

Steinar Raknes – kontrabass

Terje Isungset – perkusjon

Marthe Husum – bratsj

Frida Fredrikke Waaler Wærvågen – cello

Knut Aastad Bråten – langeleik

Ole Aastad Bråten - langeleik

Foto: Cathrine Dokken og Visit Valdres

Flytjendur

  • Jørn Hilme-stemnet
    Jørn Hilme-stemnet

    Jørn Hilme-stemnet er den store, rause og intime folkemusikkfestivalen i Valdres. Sjå meir på www.hilme.no

  • Ragnhild Hemsing
    Ragnhild Hemsing

    Norwegian Violinist and Hardanger fiddle-player

    www.ragnhildhemsing.com

    www.hemsingfestival.com