Språksjov

Språksjov

Kimen Kulturhus, Sandgata 15, 7500 Stjørdal Kort

lau. 17.10.2026 19:00

Me kjenner ho frå tv-programmet «Eides språksjov»

No går Linda Eide laiv og dreg landet rundt med språklege underfundigheiter i sekken. Med seg på scenen har ho pianist Sjur Hjeltnes og seniorkonsulent (!) Halvor Folgerø, som begge sørger for musikalsk og verbal bækking. Som ei lita overrasking vil det på kvar nye stad dukka opp ein lokal gjest som trioen har invitert.

Velkomen til ein kveld med infotainment for alle penga, når denne gjengen i kjent stil hyller og herjar med det mest fascinerande og sprøe som finst i denne verda – språket!


Sjovleiar med blokkfløyte og wind synth.

Pianist med utdanning og innsikt.

Seniorkonsulent med fagott og bass.

Kanskje me avslører kven det er, kanskje me ikkje gjer det.

Flytjendur