Telemarkfestivalen 2026 | Kulturtur til Slettelibergja

Telemarkfestivalen 2026 | Kulturtur til Slettelibergja

Slettelibergja, Slettelibergja

sun. 09.08.2026 09:00

Kulturtur til Slettelibergja

Sundag 9. august

Felles avgang frå parkeringa i Liheia, Kl. 11:00

Gratis!

Natur og kultur i skjønn foreining!

I eit hyggeleg samarbeid med Bø turlag inviterer me til ein flott tur til Slettelibergja med tonefølgje. Dette er ein lettgått tur på om lag 500 m kvar veg som passar for alle. På Slettelibergja vert det oppvising med song, spel og dans frå unge folkemusikkutøvarar frå talentkurset Folkemusikk fordjuping.

Dei som vil kan gå vidare frå Slettelibergja til Bryggefjell. Det er ein relativt krevjande tur med 430 høgdemeter. Vel framme på toppen kan du nyte ein formidabel utsjånad mot Bø og Norsjø.

Det vert felles oppmøte og avreise frå parkeringsplassen øvst i Liheia kl 11:00.

Velkomen!

Flytjendur

  • Telemarkfestivalen
    Telemarkfestivalen

    Telemarkfestivalen er ein folkemusikkfestival som finn stad i Bø i Telemark i veke 32!

  • Visit Bø
    Visit Bø

    Visit Bø – med hjerte for dine opplevelser!

    Vi er destinasjonsselskapet for Midt-Telemark og Nome kommune, og fokuserer på stedene Bø, Gvarv, Akkerhaugen, Ulefoss og Lunde. Med samhold, pågangsmot og glede skaper vi minner for livet.