Cave Jam 8: The Fate of the Cave Jamious (m/ Jarle Wallevik)

Cave Jam 8: The Fate of the Cave Jamious (m/ Jarle Wallevik)

Olaf Ryes vei 48, 5006 Bergen, Norway, Olaf Ryes vei 48, 5006 Bergen, Norge, Kort

fim. 27.08.2026 19:00

CAVE JAM – ope scene || Hulen

Torsdag 27. august

19:00 - 23:00

CC: GRATIS INNGONG

ID: 18år

----------

Som Star Wars lærte oss, er den åttande den objektivt beste og minst kontroversielle! Er du ny i Bergen og ynskjer ein scene og/eller ein plass å treffe folk som likar å jamme? Kom innom Cave Jam! Er du gammal i Bergen og ynskjer ein scene og/eller ein plass å treffe folk som likar å jamme? Kom også innom Cave Jam!

Her kan kven som helst entre scenen og spele på Hulen 🎸 Dette blir den åttande versjonen av Cave Jam, og som me har lært frå kinesisk kultur, betyr 8 lykke (og grådighet, men ignorer det).

Me stiller med slagverk, bass, gitar, DI-bokser, stativ og mikrofon! Ta gjerne med eige instrument.

Me ynskjer også å få lånt eit el-piano/keyboard, så ta gjerne kontakt med tekniskansvarlig@hulen.no om du kunne ha vore villeg til å låne bort eit keyboard som kan bli brukt på jammen!

Dette er lavterskel og alle er meir enn velkommen til å prøva seg. Enten du har lyst til å jamme litt, ha hyggelig samvære med andre folk, eller oppleve korleis det føles å stå på Hulen sin scene, er det berre å komme innom.

Jam er sjølvsagt meir koseleg med ein vert, og her Hulen igjen skaffet moderat kompetanse i stillingen. Han går under mange namn. Dilettant av nokore, han "der du veit" i e.d.a. av andre. Conan O'Brien kaller han Jarl, PST ein "person vi følger nøye med på". Vaksen opp i ein av arnaenes røffeste favelaer, vår gode ven Jarle Wallevik will somehow return for å skape god stemning og leia folk gjester opp og ned frå scena. Dette blir bra!

Design: Anya Skatvedt

Flytjendur

  • Hulen
    Hulen

    Nord-Europas eldste rockeklubb!