Real Ones // Samvirket, Dale i Sunnfjord
Dalsvegen 97, 6963 Dale, Norge, , 6963 Dale Kort
lau. 07.11.2026 20:00
Samvirket opna kl. 20.00
KONSERTSTART KL. 21.00.
Endeleg kjem Real Ones tilbake til Dale! Laurdag 7. november vert det konsert på Samvirket.
Folkrocklegendane Real Ones gav hausten 2025 ut sitt 14. album (!) etterfølgt av ein Noregsturné med 20 konsertar. I 2026 held turneen fram til nye stader i landet, mellom anna Dale.
Real Ones består av fem barndomsvener frå Bergen. Dei er kjende som eit fantastisk liveband og som eit av Noregs mest originale band med si blanding av alternativ rock og folkemusikk med inspirasjon frå heile verda. Dei har halde på i 32 år, sidan dei var 14 år gamle. Resultatet så langt er 14 album, 4 EP-ar, 2 Spellemannprisar, og over 1000 konsertar i 15 land på 3 kontinent. Overalt der dei spelar, etterlèt dei seg dedikerte og smilande fans: Frå Svalbard til Yukon til Shanghai til Calcutta til Havanna til New York – og no igjen, Dale!
Real Ones er: David Chelsom Vogt – fiolin, vokal, keyboards, Ivar Chelsom Vogt – gitar, vokal, dulcimer, Jørgen Sandvik – gitar, vokal, charango, Øystein Skjælaaen – bass, koring, Kåre Opheim – trommer, perkusjon, koring.
«Real Ones har lenge vært Norges i
særklasse beste liveband. Kanskje er de
Norges beste band, punktum.»
– Sven Ove Bakke, Dagbladet